Søk i databasar | Prosjekt | Artiklar
Denne sida er ei landingsside der ein kan søke i EDDs databasar og sjå eit utval historiske artiklar.
Eining for digital dokumentasjon (EDD) blei oppretta for å vedlikehalde og vidareutvikle databasane og dei elektroniske samlingane frå Dokumentasjonsprosjektet. EDD har også teke på seg å gjennomføre større prosjekt utanfor Universitetet i Oslo, som til dømes Museumsprosjektet.
EDD blei i 2008 ein del av Institutt for lingvistikk og nordiske studium. Det er meir informasjon om EDD under instituttets heimesider.
EDD tilbyr også einingane ved det Humanistiske fakultetet fagleg/metodisk-støtte og teknisk støtte til å lage store digitale dokumentasjonssamlingar og databasar. EDD har lang erfaring med å handtere lyd, bilete og tekst. EDD har kompetanse innanfor leksikografi, korpuslingvistikk, namnegransking, historiske dokumentarkiv, foto, arkeologiske- og kulturhistoriske gjenstandssamlingar, samt naturhistorie.