Feilmeldingsystem

Dersom det oppstår feil i Windows-applikasjonane, er det mogleg for sluttbrukar å sende desse feilmeldingane inn til ein sentral database over slike feil. Dette gjer det enklare for utviklarane å løyse feila.

Hjelp for sluttbrukar

Når ein feil oppstår vil sluttbrukar få opp ein dialogboks lik denne

Dersom sluttbrukar ønskjer meir informasjonm eller ønskjer å sende denne feilen vidare til utviklarane, klikkar ein på knappen "Detaljer" og får opp følgande dialog:

Her ser ein detaljar om feilen, td. kor i kjeldekoden feilen har oppstått. Dette er av interesse for utviklar.

Ein kan her velje å avslutte programmet, starte det på nytt, halde fram kjøringa, eller sende feilen vidare.

Ved å klikke på "send feilrapport" får ein opp

Fyll inn namn og epost-adresse slik at utviklar lett kan kome i kontakt med den som har fått problem. Ved å markere at informasjonen skal hugsast, slepp ein å skrive inn denne informasjonen på nytt dersom ein ny feil skulle dukke opp. Klikk på "Fortsett", og neste dialog kjem opp.

I denne dialogen er det mogleg å skildre med eigne ord kva ein gjorde for at feilen oppstod. Dersom ein vel å ikkje fylle ut dette feltet, kan ein klikke på "Hopp over". Klikk på "Hopp over" eller "Fortsett" fører ein til

Her kan du brukaren velgje å legge ved eit bilete av skjermen slik den såg ut då feilen oppstod. Det er også mogleg å redigere dette bilete ved å klikke i det. Då vert eit teikneprogram opna:

Her kan ein td. markere ved å teikne på skjerme kva som er viktig for utviklar å vite. Lukk programmet og svar "Ja" dersom programmet ber deg om å lagre.

Når ein kjem tilbake til

klikker ein på "Fortsett", og all informasjonen om feilen vert sendt til utviklaren som er ansvarleg for programmet. Det vert også sendt ein kvittering som epost til den adressa som vart skriven inn i kontakt-dialogen.