Om Eining for digital dokumentasjon (EDD)

EDD vart etablert for å vedlikehalde og vidareutvikle databasane og dei elektroniske samlingane frå Dokumentasjonsprosjektet. EDD kan også tilby einingane ved det humanistiske fakultet metodestøtte og teknisk støtte til å lage digitale dokumentasjonssamlingar, tekstsamlingar, tekstkorpus, og andre databasar.

EDD har kompetanse innanfor leksikografi, korpuslingvistikk, namnegransking, historiske dokumentarkiv, foto, arkeologiske- og kulturhistoriske gjenstandssamlingar, samt naturhistorie.

EDD er leid inn for å gjennomføre Museumsprosjektet, universitetsmusea sitt nasjonale databaseprosjekt.