Forsiden | Om Balladedatabasen | Enkelt søk | Avansert søk | Hjelp | Kontakt | Nyheter

Kva er ein ballade

...all for his maiden fair. Engelsk artikkel om nordiske balladar

Balladane er ei gruppe gamle folkeviser med ei rekkje felles kjenneteikn. Ofte blir dei kalla mellomalderballadar, men dei er ikkje mellomalderske på samme måten som dei islandske ættesogene. Den eldste norske balladen vi har bevart er "Friarferdi til Gjøtland" (TSB E 72) frå 1612, og storparten av dei norske balladane er dokumentert etter 1840. Vi har faktisk ingen sikre kjelder som kan fortelje at balladane fanst i mellomalderen, men likevel reknar vi med at genren kan ha funnest så tidleg som på 1300-talet. Innhaldet i visene tyder på mellomalder; religionen er førreformatorisk katolisisme, og dei historiske balladane fortel om hendingar eller personar frå omkring 1300. Visa om Falkvor Lommansson (TSB C 15) fortel om eit bruderov som skjedde i 1288.

Dei viktigaste kjenneteikna er:

I engelsk og tysk språk blir ballade brukt om alle forteljande folkeviser, men i Norden blir omgrepet meir avgrensa. Det vi kallar balladar, svarar til det dei i engelsk kallar Child Ballads etter den amerikanske professor Francis James Child, som gav ut standardutgåva av dei engelske og skotske balladane.

Grupper og typar

For å lette oversynet er balladematerialet delt inn i grupper og typar. Alle vitskapelege utgåver av balladar deler materialet inn på denne måten. Denne databasen følgjer det typesystemet som er etablert gjennom katalogen: The Types of the Scandinavian Medieval ballad: A descriptiv catalogue. Ed by Jonsson, Solheim & Danielson, Oslo 1978, også kalla TSB -katalogen.

Naturmytiske balladar ( TSB A 1 — A 46) er viser som fortel om menneska i møte med det overnaturlege. På samme måten som i segnene kjem menneska oftast skadd ut av møtet med eit overnaturleg vesen. Bergtakingsvisene vert regna som ei undergruppe av dei naturmytiske ("Margit Hjukse" (TSB A 54) er ei bergtakingsvise).

Legendeballadane (TSB B 1 — B 37) er viser med religiøst innhald. Dei fortel om helgenar som Jomfru Maria eller Olav den hellige. "Draumkvedet" (TSB 31) er den mest kjente av dei norske legendeballadane.

Historiske balladar (TSB C1 — C 41) fortel om historiske hendingar og personar, men forteljingane er sjeldan historisk korrekte. "Falkvor Lommansson" (TSB C 15) er ein ballade som fortel om eit bruderov som fant stad i 1288.

Riddarballadar (TSB D 1 — D 440) er viser som fortel realistisk om livet blant adel og storbønder. Dei fleste handlar om kjærleik, men også om kamp og drap. Dette er den største gruppa av balladar.

Troll- og kjempeballadar ( TSB E 1 — E 167) fortel også om overnaturlige vesen, men forteljingane er meir eventyrlege enn de naturmytiske balladane. Mange av disse balladane har henta stoff frå den norrøne litteraturen fornaldersagaene. Balladen om Åsmund Frægdegjeva (E 145) er eksempel på denne gruppa.

Skjemteballadane ( TSB F 1 — F 77) er humoristiske viser. Mange skjemteballadar er ganske grovkorna og spiller på kjønnsroller. "Ungersvein på tinget" (TSB F 29) skildrar ei omvendt voldtekt der kvinna er den aggressive. Skjemteballadane om dyr, "Kråkevisa" (TSB F 58) eller "Tordivelen og flugua" (TSB F 67) har vore svært populære.

Sist oppdatert 27.11.07